Jonsokfeiring laurdag 20. juni

Velkommen til årets jonsokfeiring i Rekstakjellaren – med bålbrenning på hågjen nedanfor skulen – laurdag 20. juni.

Vi tenner bålet kl. 20.00 og kanskje kjem det eit jonsokbrudepar… Etterpå ruslar vi opp på skuleplassen for å kose oss med grillmat, rømmegraut og levande musikk.

  • Reksta Ungdomslag ordnar med bål, grillar og husly. Ta med eigen grillmat og drikke.
  • Ingrid kjem med rømmegraut, og MOWI kjem med laks på grillen
  • RALFRED; Ralf E. Johannessen og Alfred Kvellestad stiller med gitar og trekkspel og ekte jonsokstemning.
  • Bål

    Har du trevirke til bålet? Då kan du plassere det på hågjen nedanfor skulen (merka med ein pinne).

  • Parkering

    Kjem du bilvegen ber vi deg om å parkere før grusvegen til Rekstakjellaren. Det er plass på Markja (Ida), på Klaven (Lars Erik), på Klokkargarden og sikkert andre plassar. (Ver vennleg og ikkje parker på slåttemark).

Jonsokbål ved Rekstakjellaren 2021