Jubileumsfest 15. // 16. juli
REKSTA SKULE // REKSTAKJELLAREN 1922 – 2022
Reksta Ungdomslag planlegg stor feiring av 100-års jubileumet til Reksta skule, 15. og 16. juli 2022.
Då Kinn kommune bygde skulen som stod ferdig i 1922 fekk Reksta Ungdomslag bygge kjellaren – slik at ein fekk ein kombinert skule og forsamlingshus.
15. juli • frå kl. 13.00
16. juli • frå kl. 21.00
Laurdagskvelden blir det stordans med spelemannen Bjørn Engelbrektsson i telt på skuleplassen, frå kl. 21.00
Bjørn Engelbrektsson er låtskrivar og musikar med base på vakre Stadlandet. Musikken er inspirert av kystliv, natur og menneske på godt og vondt. Tekstar på norsk, og sunge på «stassardialekt».
https://www.bjørn.live/
om båtar og slikt
FREDAG
kan du komme på Reksta med rutebåten/turistruta (ca) kl. 12 og returnere kl. 16.30 eller kl. 20.30
LAURDAGEN
må du ordne deg med eigen båtskyss, men vi er behjelpelige med båtplass og biltransport. Vi har reservert båtplassar på Larsvika og Båtevågen på nordsida.
I tillegg er det gjestehamn i Rognaldsvåg. Om du ønskjer å legge til i Rekstavågen må du avklare dette med grunneigarane der.
Spørsmål om båtplass? Kontakt arrangementet sin eigen «hamnesjef»:
Ingebjørg Reksten
T: 452 67 497