Reksta Ungdomslag planlegg stor feiring av 100-års jubileumet til Reksta skule, 15. og 16. juli 2022.

Då Kinn kommune bygde skulen som stod ferdig i 1922 fekk Reksta Ungdomslag bygge kjellaren – slik at ein fekk ein kombinert skule og forsamlingshus.

Familiedag

15. juli • frå kl. 13.30

  • Offisiell opning kl. 13.30 – v/representantar frå kommunen og leiar Johnny Stigedal
  • Musikkinnslag ved Borgni Reksten
  • Megastort kakebord m/kaffi // pølser og saft til borna – et og drikk så mykje du vil. Kr 150 for vaksne – barna går gratis
  • Grilling på skuleplassen – ta med grillmat
  • Aktivitetar for små og store på skuleplassen frå kl. 14.00
    Fjellklatring / kast på boks / lage ting av skjell / stylter / tautrekking / Naturvernforbundet kjem med naturkassar
  • Natursti // Rekstaquiz fra kl. 14.00
  • Rekstaspretten opp på Kletten kl. 15.30
  • Historietime med Torleif Reksten kl. 16.30
  • Nyare historie / dugnadsinnsats ved Inger Reksten Stigedal
  • Basar med jubileumsgevinstar kl. 17.30 – berre loddbøker denne dagen.
  • Barnedisco i Rekstakjellaren kl. 18.30
Rekstaspretten 2020 - rekstakjellaren.no

Rekstadans

16. juli • frå kl. 21.00

Laurdagskvelden blir det stordans med spelemannen Bjørn Engelbrektsson i telt, frå kl. 21.00

Oddvar Folkedal & co spelar i Rekstakjellaren

Sal av betasuppe, øl og vin.

BILLETT kr 250

Treng du bilskyss fra Rognaldsvåg eller Båtevågen?

Ring Ingrid Reksten på 415 54 740

Bjørn Engelbrektsson

Bjørn Engelbrektsson er låtskrivar og musikar med base på vakre Stadlandet. Musikken er inspirert av kystliv, natur og menneske på godt og vondt. Tekstar på norsk, og sunge på «stassardialekt».

https://www.bjørn.live/

Praktisk info

om båtar og slikt

FREDAG

kan du komme på Reksta med rutebåten/turistruta, som går frå Florø til Rognaldsvåg kl. 12.00 – og returnere kl. 16.30 eller kl. 20.30

LAURDAGEN

må du ordne deg med eigen båtskyss, men vi er behjelpelige med båtplass og biltransport. Vi har reservert båtplassar på Larsvika og Båtevågen på nordsida.

I tillegg er det gjestehamn i Rognaldsvåg. Om du ønskjer å legge til i Rekstavågen må du avklare dette med grunneigarane der.

Spørsmål om båtplass? Kontakt arrangementet sin eigen «hamnesjef»:
Ingebjørg Reksten
T: 452 67 497