Maledugnad 16. mai 2016

Dugnad i dag og, og arbeidet går unna i rekordfart med så mange dyktige fagarbeidarar. No er utedoen ferdig med to strøk ekstrem beis. Nordre og søre veggen har fått grunning og 2 strøk med dekkebeis. Tilbygget i kjellaren er og ferdig med to strøk dekkbeis. Lister er nøyaktig beisa med fin grønnfarge og vindskjeier beisa inne på loftet og snart klar for å bli sett opp. Muren er prima og deler av den er malt med murmaling.
Stor takk til den driftige og arbeidsglade dugnadsgjengen som har vore med frå onsdag til i dag. Alle som har vore med:

  • Kjell Robert Magnesen
  • Mass-Bendik Øygard Reksten
  • Sven Atle Klokkernes
  • Inger Marie Reksten Stigedal
  • Erland Klokkernes
  • Åshild Reksten
  • Nils Gunnar
  • Ingebjørg Reksten
  • Johnny Stigedal
  • Lars Erik Reksten
  • Anita Øygard
  • Rose Nygård
  • Kjell Atle Reksten
  • Ingrid Reksten

Håper vi huska alle!

Det som gjenstår er å grunne øvre del av vestveggen og så to strøk med dekkebeis. Neste delen av veggen er ferdigbeisa. Vi skal og få opp nye vindskjeier og ny kjøl m.m.
Har nokon tid og lyst er det berre å grunne og beise vestre veggen. Stillas er på plass.