Maledugnad september 2019

No er utarbeidet stort sett ferdig på vår flotte skule. Takk til alle som var med å beisa austre veggen 2 strøk og vindua.

Ivrige med beisekosten var Helge, Annbjørg, Jan, Magnhild, Inger, Anita og Lars Erik.

Stillasen vart tatt ned før stormen kom, av spretne Amund, Sven Atle og Lars Erik.

For dei som ikkje fekk vere med på dugnad denne gongen, så fortvil ikkje, det blir nye muligheter:

Vi skal male, montere kjøkken, slipe golvet, legge flis, montere toalett og dusj m.m. Og til slutt vil skulen skine, til vårt store 100 års jubileumsfest sommaren 2022.